Arkiv 2023
Arkiv 2023
Dagestadmuseet søndag 10. september -23
Ingebrigt var Voss kunstlag sin representant i «aksjonsgruppa» i 2000. Han var medlem både i den antikvariske gruppa og i kunstgruppa og arbeidde aktivt i bergingsaksjonen av Bergslitræet.
I 2014 fekk Ole Didrik Lærum i oppdrag frå Fylkeskonservatoren i Hordaland å registrera kunstnarheimane i dåverande Voss herad, og Lærum bad Stiftinga Bergsliminne om å ta det overordna/formelle ansvaret for dette oppdraget.
Ole Didrik var hovudansvarleg for dokumentasjonen saman med Ingebrigt som arkitekt og fotograf. Målet var at kommunen skulle lage vernesone/omsynssone rundt det gamle kunsthandverksmiljøet og kunstnarheimane: Bergslitræet, Tintrabakken, Kunsthandverkskulen, Dagestadmuseet og Rosereiret. Området vart definert som eit viktig kunst- og kulturhistorisk område både av lokal og nasjonal verdi. Buhuset skulle og ha vore med i dette området, men huset vart seld i denne perioden.
Registreringa galdt også: Slottet (Knut Horvei) på Bolstadøyri, Sævelid (Lars Osa), gamlestova på Tvinne(Lars Tvinne) og stova etter treskjeraren Styrk Hirth i Myrkdalen
Det vart utarbeidd ein omfattande rapport om dette dokumentasjonsarbeidet. Ingebrigt Nesheim gjorde ein framifrå jobb med kart- og fotodokumentasjonen.
Nesheim var også delaktig i 2. fase av rehabiliteringa av Bergslitræet, både med ferdiggjering av 1. høgda - og ikkje minst med 2. høgda. Det var Nesheim som teikna planløysingane for heile 2. høgda og hadde kontakten med snikkar Eivind Nornes, som utførte den praktiske delen.
Tintrabakken etter Magnus Dagestad var ein av kunstnarbustadene i dette området og forfallet stort frå år til år. Det var eit stort ynskje frå Ole Didrik Lærum at Bergslistiftinga måtte prøva å få kontakt med eigarane og redda Tintrabakken. Ingebrigt Nesheim tok denne oppgåva. Det vart søkt om tilskot gjennom Stiftinga Bergsliminne til både Fylkeskommunen, heradet og Kulturminnefondet. Anne Arneberg kom også etter kvart med i arbeidsgruppa. Det er mykje restaureringsarbeid som står att, men taket vart redda og ny veranda på framsida ferdigbygt i fjor og måla til Kulturminnedagane i 2023.
Ingebrigt Nesheim har med andre ord vore med å berga både Bergslitræet og delar av kunstnarområdet på båe sider av Vosso. Styret i Stiftinga Bergsliminne var samstemt i utnemninga av Ingebrigt Nesheim som den 3. heiderlagsmedlemen i stiftinga si historie. Tidlegare er Ole Didrik Lærum og Peder Ringdal utnemnde til heiderlagsmedlemar.
Heiderlagsutmerkinga er eit spesiallaga kunstverk av kunstnaren Geir Nymark. Motivet er huset på Bergslitræet.
Tekst: Laila Rynning Veum
Stiftinga Bergsliminne hadde stand i Bergsliparken i år som i 2022.
Her fekk me markert oss med informasjon om kva Stiftinga Bergsliminne står for – og kva me kan tilby. Med Bergslimonumentet «i ryggen» var det enkelt å forklara kva Bergsliminne arbeider med.
Bergsliløypa: Formidling til 3. klassingane i Voss herad
Formidling til grupper frå Voss og tilreisande
Bergslitræet: Drift av huset
Ope frå slutten av mai til medio september. Gratis film,
formidling, dokumentariske og temporære utstillingar
Kafe
Kulturminne-
dagane: Samarbeid med andre lag og kulturinstitusjonar i heradet
Prosjekt: Film om Brynjulf Bergslien
Bergslien Kunstsenter
Digitalisering av brosjyra Bergsliløypa
Kulturvernprisen tildelt Voss Kunst og Kultur 2023
Stiftinga Bergsliminne byrja å markera «Kulturminnedagane» i 2015 som einaste lag i Voss herad. Dei seinare åra har fleire lag komne med, og Voss herad er no ein av deltakarane. Voss Kunst og Kultur er «paraplyorganisasjonen», og leiar May Britt Øydvin har inspirert fleire lag til å markera Kulturminnedagane.
I 2023 er temaet «Den levande kulturarven». Voss Kunst og Kultur har vore nominert til Kulturvernforbundet sin Kulturvernpris 3 år på rad – og inneverande år gjekk den gjeve prisen til Voss. Styremedlem i Kulturvernforbundet, Carl Harbitz-Rasmussen delte ut prisen til laga på Voss som arbeider med kulturvern og kulturarv, her representert ved May Britt Øydvin og Laila Rynning Veum.
Her kan du sjå døme på sylvarbeidet til Kari Bye.
Kulturminnedagane er største historie- og kulturarvsfestival i Noreg med om lag 300 tilskipingar og 50 000 besøkjande rundt om i heile landet.
I år vert Kulturminnedagane markert 2.-10. september.Gjennom temaet «Levande kulturarv» vert det sett fokus på kunnskapen og handverket som vert krevd for å ta vare på kulturarven vår og dei mange kulturminna over heile landet
Tilskipingar i Stiftinga Bergsliminne under Kulturminnedagane 2023
Laurdag 9. september kl 11-15:
Guiding i Bergsliløypa v/Laila Rynning Veum
Oppmøte i Bergsliparken kl 11.00. Vidare til:
Kyrkjetunet
Monumentet «Til minne om Ola Mosafinn og Ridande Vossabrudlaup»
Ungdomshallen
Bergslitræet
Dagestadmuseet: Omvisning, kaffi og vaflar (inkl. i prisen)
Pris: 100 kr pr person (Vipps/kontant)
Søndag 10. september
Open dag på Bergslitræet 12-16
Dokumentariske utstillingar om Bergslikunstnarane og kunsten deira
Film om Knud Bergslien
Separatutstilling/salsutstilling av Angunn Hirth
Kafe. Kunstlotteri. Sal av handverksprodukt, bøker og kunstkort
Kl 14: Musikalsk innslag v/Synneva Almeland (song) og Niklas Giljarhus (gitar)
Gratis kurs i Kalligrafi for born/ungdom. Kurshaldar: Kalligraf Bas Vlam. Påmelding.
Miniforedrag om «Brynjulf Bergslien som handverkar og sylvsmed»
v/Laila Rynning Veum
Kunstsamtale med Kari Bye. Utstilling av sølvarbeid
Avslutning: Vossasongen (allsong)
Gratis tilgjenge
Tilskipingane er støtta av Kulturvernforbundet og Voss Folkeakademi
Påmelding til Kalligrafikurs innan 6. september til tlf 902 94 438 eller til laila.rynning.veum@live.com
Sals-/separatutstilling
Angunn Hirth stiller ut tekstilbilete i Galleri Træet på Bergslitræet i perioden 30/7-10/9
Opning søndag 30. juli kl 14.00 v/Laila Rynning Veum
Kunstnarleg innslag v/Kiss Gjersvik
Forfriskingar
Kunstlotteri
Sal av kunsthandverk, bøker, kort mm
Film om Knud Bergslien
Kafe
Alle velkomne!
Avduking av monumentet "Til minne om spelemannen Ola Mosafinn og gamle Ridande Vossabrudlaup" laurdag 10. juni 2023
Stiftinga Bergsliminne har vore delaktig i førearbeidet med plassering og gjenopning av monumentet. No har monumentet funne sin rettmessige plass på Prestegardslandet - og alle som har vore med i prosessen synest å vera nøgde.
Det vart ei verdig gjenopning av Nils Bergslien sitt meisterverk
(sjå eit utval av bilete)
Fotografering: Ingerid Jordal
Stiftinga Bergsliminne ynskjer vel møtt til sesongopning på Bergslitræet
søndag 28. mai kl 12-16.
Dokumentariske utstillingar om Knud, Brynjulf og Nils Bergslien
Film om Knud Bergslien
Museumsbutikk m/sal av kunstbøker og kunstkort
Sal av handverksprodukt
Sal av kaffi og vaflar
Søndag 4. juni:
Opning av Ivar Vatne si utstilling kl 14.00 (elles vanleg opningstid og aktivitetar)
Forfriskingar
Benedicte Kragh opnar utstillinga
Søndag 11. juni:
Steinar Rygg og Arne Anderdal held minikonsert på Bergslitræet i høve avdukinga av «Ola Mosafinn og Ridande Vossabrudlaup» monumentet 10. juni
Separat/salsutstilling av Ivar Vatne
Guiding
Teikne/maleaktivitetar for born
Film, sal av handverksprodukt
Sal av kaffi/te, vaflar, saft og is
Velkomen til kulturminnet i Prestegardsmoen.
Gratis tilgjenge.
Avduking av informasjons-tavla ved Båbrua
Torsdag 4. mai var det avduking av informasjonstavla ved Båbrua med om lag 50 personar til stades. Peder Ringdal og Lyder Veum har utarbeidd innhaldet i tavla som handlar om Kong Sverre sin kamp om kongemakta i Noreg i borgarkrigstida på 1100-talet.
Sverre var på veg til Bergen for å ta livet av kong Magnus, men møtte motstand av bondehæren på Voss. Det kom til trefningar på Båbrua og kong Sverre og birkebeinarane vart jaga attende til Sogn.Knud Bergslien sitt måleri «Kong Sverre i Snestorm i Vossafjellene» viser den vanskelege retretten over fjellet.
Under avdukingsseremonien var det talar av Lyder Veum og Peder Ringdal – og musikkinnslag av Odd Hagen og Steinar Hårklau.
Tavla er sponsa av Vestland fylkeskommune, Voss herad, Voss Sparebank og Venelaget for Vossabygda.
Stiftinga Bergsliminne har sidan 2011 gjeve tilbod om guiding i Bergsliløypa til 3. klasse i grunnskulen kvar vår. På denne måten sikrar me at den oppveksande slekta lærer historia om kunstnarbrørne Knud og Brynjulf Bergslien og nevøen deira, Nils Bergslien. Bergslikunstnarane var ikkje berre lokale, men nasjonale og internasjonale kunstnarar som sette spor etter seg spesielt i perioden med nasjonalbygging og atterreising i Noreg på 1800-talet.
Kvar klasse nyttar ein heil skuledag i Bergsliløypa og er innom det fleste postane i løypa: Voss Ungdomshall, Bergslitræet, monumentet Ridande Vossabrudlaup og Bergsliparken. I tillegg får dei høve til å koma inn i Vekselbanken og Voss Sparebank for å sjå på Bergslikunsten der.
Dagen vert avslutta med ein quiz. Det er og høve til å levera teikningar frå vandringa til ei utstilling på Bergslitræet i sommarsesongen. Sjå døme på innsende teikningar frå tidlegare år.
No er 3. klassingane snart klare for ei ny vandring i Bergsliløypa.Det er framleis nokre ledige dagar om fleire skular ynskjer å melda seg på.
Ta kontakt på tlf: 902 94 438.
Kva med å starta sommarfesten med eit kulturelt vorspiel på Bergslitræet i Prestegardsmoen før eit godt måltid anten privat eller på eit av spisestadane på Vangen?
Me kan tilby:
1 glas Mozell
Omvisning på Bergslitræet m/informasjon om Bergslikunstnarane
Film om Knud Bergslien (27 min)
Kunstutstilling av Ivar Vatne i 2. høgda
Pris: 100 kr pr. pers
Høve til å kjøpa kaffi og vaffel: + 50 kr
Sal av kunsthandverk
I godt ver er det mogeleg å sitja ute i hagen å nyta ein kopp kaffi og ei nystekt vaffel
Velkomne!
Kontakt: laila.rynning.veum@live.com
www.bergslitreet.no
mobil 902 94 438
torsdag 23. mars 2023 kl 18.00 i Voss ungdomshall
Vanlege årsmøtesaker
Saker til årsmøtet må vera styret i hende innan 16. mars
Prosjektleiar Peder Ringdal informerer om planar for Bergslien kunstsenter.
Kaffiøkt. Vel møtt.
Styret
Årsmelding for året 2022
Mange ukrainske flyktningar kom til Voss i fjor– og fleire kjem i år.
Voss Røde Kors og Stiftinga Bergsliminne ynskjer å laga ein møteplass der flyktningar saman med fastbuande kan bli kjende med kvarandre gjennom kreative aktivitetar - og skipar difor til nytt kurs i akrylmåling søndag 12.mars i Røde Kors huset. Kurset er eit gratistilbod.
Instruktør er Tetiana Chapliuk frå Ukraina. Ho er utdanna innan musikk og biletkunst i heimlandet.
Mange av ukrainarane har røynsle med tilsvarande kurs på mottaket i Kinsarvik, der Tetiana også underviste. På initiativ frå Torunn Høie prøver Voss Røde Kors og Stiftinga Bergsliminne no å vidareføra aktiviteten og ser det som viktig å laga til møteplassar der ulike grupper kan bli kjende med kvarandre og knyta kontaktar på Voss.
For å få dette til, er det mange som bidreg. Voss Røde Kors stiller med lokale og mat i Røde Kors-huset, kulturskulen i Voss herad gir ymse teikne- og malemateriell. Styremedlemmer i Stiftinga Bergsliminne er medhjelparar og låner ut utstyr frå Bergslitræet.
Voss Sparebank er ein viktig bidragsytar slik at aktiviteten kan vera gratis for deltakarane.
Om påmeldinga vert stor, kan det kanskje verta endå fleire kurs i løpet av våren?
Påmelding til Nicole tlf 954 18 259 innan torsdag 9. mars.
Voss Røde Kors og Stiftinga Bergsliminne
Mange ukrainske flyktningar kom til Voss i fjor– og fleire kjem i år.
Voss Røde Kors og Stiftinga Bergsliminne ynskjer å laga ein møteplass der flyktningar saman med fastbuande kan bli kjende med kvarandre gjennom kreative aktivitetar - og skipar difor til kurs i akrylmåling søndag 26 februar i Røde Kors huset. Kurset er eit gratistilbod .
Instruktør er Tetiana Chapliuk frå Ukraina. Ho er utdanna innan musikk og biletkunst i heimlandet.
Mange av ukrainarane har røynsle med tilsvarande kurs på mottaket i Kinsarvik, der Tetiana også underviste. På initiativ frå Torunn Høie prøver Voss Røde Kors og Stiftinga Bergsliminne no å vidareføra aktiviteten og ser det som viktig å laga til møteplassar der ulike grupper kan bli kjende med kvarandre og knyta kontaktar på Voss.
For å få dette til, er det mange som bidreg. Voss Røde Kors stiller med lokale og mat i Røde Kors-huset, kulturskulen i Voss herad gir ymse teikne- og malemateriell. Styremedlemmer i Stiftinga Bergsliminne er medhjelparar og låner ut utstyr frå Bergslitræet.
Voss Sparebank er ein viktig bidragsytar slik at aktiviteten kan vera gratis for deltakarane.
Om påmeldinga vert stor, kan det bli eit liknande kurs søndag 5. mars - og kanskje fleire i løpet av våren?
Sjå lysing for påmelding.
Voss Røde Kors og Stiftinga Bergsliminne
SESONGEN 2023 PÅ BERGSLITRÆET
28.mai til 10.september
Ope kvar søndag kl 12.00-16.00 (utvida tid)
Kafè
Sal av kaffi/te og nysteikte vaflar
Dokumentarisk utstilling om Bergslikunstnarane
Film om Knud Bergslien (27 min)
Kunstutstillingar i Galleri Træet 2. høgd
4.juni - 23.juli : Ivar Vatne
30.juli - 10. september: Angunn Hirth
Kulturminnedagar 9. og 10. september
Sal av kunsthandverk
Sal av kort og bøker
Gratis tilgjenge
Stor hage med bord og benkar
Velkomne
Utstilling i Galleri "Træet": 04.06.23-23-07.23.
Benedicte Kragh opna utstillinga.
Song v/Kiss Gjersvik.
Vel møtt.