Om kunstnarane

Knud, Brynjulf og Nils Bergslien

Husmannsgutar som vart banebrytarar i norsk nasjonalkunst.
Dei tre kunstnarane Knud, Brynjulf og Nils Bergslien er alle fødde og oppvaksne
på Voss.

Dei er kjende både i inn- og utland, og fleire av kunstverka deira har vorte til nasjonalsymbol.


Kunstmålaren Knud Bergslien (1827-1908) 

Knud Bergslien byrja i soldatteneste i Bergen 18 år gamal, men den uvanlege teiknegivnaden hans vart snart lagt merke til, og etter eit par år som elev ved kunstmålaren Hans Reusch sin teikneskule i Bergen drog han til utlandet og studerte både i Antwerpen og Paris. I åra 1855-1869 arbeidde han i Dusseldorf. Han flytta så attende til Noreg, og frå 1871 dreiv han Bergsliens Malerskole i Kristiania saman med Morten Muller. Her vart han lærar for ein heil generasjon norske kunstmålarar, mellom anna Harriet Backer, Christian Skredsvig og Gerhardt Munthe. Knud høyrde til Dusseldorfar-skulen og var god ven av kunstmålarane Adolph Tidemand og Hans Gude. Gjennom Knud fann Tidemand nokre av sine beste motiv for portrettbilete av bønder på Voss. I dag er Knud mest kjend som historiemålar. Mellom dei mange arbeida hans må særleg nemnast nasjonalikonet Birkebeinarane på Ski over Fjeldet med Kongsbarnet frå 1869, Kong Sverre på Vossafjeldene og biletet han fekk Wasa-ordenen for: Kong Oscar II’s kroning i Nidarosdomen. I tillegg til kroningsbiletet, som no heng i Speilsalen på Det Kongelege Slott i Oslo, måla han fem store dekorasjonsmåleri av norske kongar som skulle pryda veggane i festpaviljongen på Stiftsgården i Trondheim i samband med kroningsfesten i 1875.
Det var likevel som portrettmålar og pedagog han nådde lengst.

Bilethoggaren Brynjulf Bergslien (1830-1898)

Alt som barn fekk Brynjulf Bergslien undervisning i stempelskjering av morbroren, den kjende kartteiknaren Aad Gjelle. I 18-årsalderen kom han i gravørlære hjå gullsmed Jacob Tostrup i Kristiania. Sidan studerte han ved Kunstakademiet i København, og i 9 år arbeidde han hjå nokre av dei mest kjende bilethoggarane der. Etter studieopphald i fleire av dei europeiske landa reiste han i 1861 heim att til Kristiania, der han busette seg og stifta familie. I 1864 fekk han kunstnarstipend, og i 1868 vann han den første tevlinga om eit norsk monument: ryttarstatuen i bronse av kong Carl Johan, som vart avduka på Slottsplassen i Kristiania i 1875. Etter dette vart Brynjulf ein kjend bilethoggar

Kunstmålaren Nils Bergslien (1853-1928)

Nils Bergslien viste tidleg i oppveksten rik kunstnargivnad, og farbrørne Knud og Brynjulf kappast om han skulle verta kunstmålar eller bilethoggar. Målarkunsten vann, og 16 år gamal byrja Nils kunstutdanninga si ved onkelen sin målarskule i Kristiania. Seinare studerte han i Munchen, Dresden og Wien. Denne tida var han mykje saman med kunstmålaren Christian Skredsvig, som seinare skildra Nils i ei av bøkene sine. Etter at han kom heim att til Noreg, arbeidde han nokre år i Kristiania, før han tidleg i 1880-åra reiste til Hardanger, gifta seg og slo seg ned i Eidfjord.. Her vart han buande til han døydde. Nils hadde ein stor produksjon av målarstykke med frodige folkelivsskildringar og humoristiske bilete av huldrer, nissar, kjærleikspar – og vestlandsnaturen. Størst givnad viste han som landskaps- og portrettmålar, men folkelivsbileta var nok dei som selde best. Nils måla sceneteppet Jolareia i 1922, som han gav i gåve til Voss Ungdomslag. 

Givnaden som bilethoggar fekk han syna då han laga monumentet Reist Til minne um Meisterspelemannen Ola Mosafinn og ridande Vossabrudlaup

Han laga portrettrelieffet av seg sjølv til monumentet i Bergsliparken.