Bergsliløypa

Vangen og Prestegardsmoen

Post 1. Bergsliparken

Reist i 1928 til minne om dei tre Bergslien-kunstnarane Knud, Brynjulf og Nils. Knud og Brynjulf var brør, Nils var nevøen deira. Magnus Dagestad gjekk i brodden for å reisa dette monumentet, og det er han som har teikna det. Brynjulf har laga relieffet av seg sjølv og av Knud, Nils har laga sitt eige relieff.

Posisjon : 60.6288031856049, 6.417522621612087

Post 2. Voss Ungdomshall

Bygd i 1897 som samlingsstad for ungdomslaget «De unges Forbund» - seinare Voss Ungdomslag. Eit mykje nytta kulturhus på Vossevangen. Her finn me kunst av dei tre Bergslien-kunstnarane: to bilete måla av Knud, fleire portrettmedaljongar laga av Brynjulf og sceneteppe og fane måla av Nils.

Posisjon : 60.62847354579034, 6.421910898586221

Post 3. Bergslitræet

Husmannsplass under Voss Prestegard, rydda av Lars Bergslien i 1820-åra. Fødestad og barndomsheim til sønene Knud og Brynjulf. Huset som står her i dag, sette dei opp til faren rundt 1860. Det er seinare påbygd og omvølt.  Mora Kristense døydde i 1838.

Huset på Bergslitræet er i dag dokumentasjonssenter og museum. Sundagsope i sommarhalvåret ultimo mai til medio september.

Posisjon : 60.62098898095658, 6.42449679362529

Post 4. Monumentet «Reist Til minne um Meisterspelemannen Ola Mosafinn
    og gamle ridande Vossabrudlaup»

Sett opp på Lindhaugen i 1921 til minne om meisterspelemannen Ola Mosafinn (1828-1912) og tradisjonen med ridande bryllaupsfylgje. Notane er til «Bjølleslåtten», ofte spela i slike høve. Monumentet er teikna av Magnus Dagestad . Nils Bergslien har laga relieffet. Monumentet har hatt eit omflakkane tilvere, men i 2023 fekk det si endelege plassering på Prestegardslandet nedanfor Kyrkjetunet.

Posisjon : 60.62811932331472, 6.416079982253421

Post 5. Voss Prestegard

Her låg den gamle prestegarden på Vossavangen fram til brannen i 1940. Midt i tunet stod Årestova, der mange ulike og festlege kulturhendigar fann stad.

Sommarenren 1897 var siste gongen Brynjulf Bergslien vitja Voss, og han heldt då ein stor fest for dei gamle venene sine her.

Posisjon : 60.62811932331472, 6.416079982253421

Tilleggspostar på Gjernes

Norsk Kunsthandverkskule

Magnus Dagestad og Hordaland Ungdomslag grunnla Norsk Kunsthandverkskule i 1920. Målet var å fremja den nasjonale stilen i norsk prydkunst og husbunad. Magnus Dagestad teikna bygningen, og han var styrar ved skulen fram til 1935. Tidlegare hadde han ein verkstadbygning her, som Vestlandske Kunstindustimuseum i åra 1905-13 nytta til snikkar- og treskjerarskule. Magnus Dagestad var styrar og lærar også ved denne skulen. Kona Helena Dagestad underviste i rosemåling og dekorasjon. Bygningen er no i privat eige.

Like ved sida av ligg huset Tintrabakken, som Helena og Magnus kjøpte i 1902 og bygde om til sin heim.

Huset er i privat eige.

Posisjon : 60.619495739235575, 6.426205480150197

Dagestadmuseet

Magnus Dagestad (1865-1957) var ein gåverik treskjerar, teiknar, arkitekt og formingskunstnar. Han var oppteken av – og arbeidde for norsk form og folkekunst. Dei tre Bergslien-kunstnarane var nære vener og inspirasjonskjelder. Ein del av kunsten han skapte, er samla her. Museet er eigd av Voss folkemuseum på Mølster. Ope etter avtale.

Posisjon : 60.618585497821925, 6.427127153580554