Bergslien Kunstmuseum
Bergslien Kunstmuseum
BERGSLIEN KUNSTMUSEUM
Stiftinga Bergsliminne har som eitt av sine mål å utvikla og driva eit dokumentasjonssenter for dei tre Bergslien-kunstnarane Knud, Brynjulf og Nils – og for andre kunstnarar med tilknyting til Voss. I denne målsetjinga ligg også ei oppgåve om å ta vare på og gjera Bergslien-kunsten kjent for ålmenta.
Stiftinga ynskjer å etablera eit aktivt galleri sentralt på Vossavangen – eit Bergslien Kunstmuseum – der kunst av Knud og Brynjulf Bergslien blir utstilt fast, og der arbeid av andre kunstnarar og kunsthandverkarar, både avdøde og nolevande, kan visast i meir avgrensa tidsrom. Attåt utstillingsroma skal her også vera eit dokumentasjonssenter for Bergslien-kunstnarane, eit bibliotek med arkiv og studierom. I eit eige filmrom skal filmane om dei tre Bergslien-kunstnarane visast, og her skal det vera høve til foredrag, konsertar m. m. Ein museumsbutikk og ein kafé som møteplass for utveksling av opplevingar høyrer naturleg med.
Ein grunnleggjande føresetnad er at Bergslien Kunstmuseum skal halda til i eigen sjølvstendig bygning sentralt på Vossavangen, i eit kvalitetsbygg som formidlar biletkunst. Bygget skal ha høg estetisk standard og spela på lokalmiljøet sine naturvakre omgjevnader. Her må tilsetjast fagutdanna personale både innan drift, kunstformidling (kurator) og undervisning. Målgruppa er fastbuande på Voss og i regionen, born og skule-elevar i alle aldrar og tilreisande (turistar, hotellgjester, reiseselskap).
Stiftinga Bergsliminne er eigar av ein del original Bergslien-kunst som skal stillast ut, m.a. dei fem kongemåleria som Knud Bergslien fekk i oppdrag å laga som dekorasjonar til festlokalet då Oscar II var kruna til norsk konge 18. juli 1873 i Trondheim: Harald Hårfagre etter slaget i Hafrsfjord, Olav den Heilage på Hundtorp, Kong Sverre og Birkebeinarane i snøstormen i Vossafjella, Håkon Håkonsson si kruning i Bjørgvin i 1247 og Kruninga av Karl Johan i Nidarosdomen i 1818. Då kruningsfesten var over vart desse dekorasjonsmåleria, som kvart måler omlag 2,7 x 3,2 meter, kjøpte av konsul Christian Børs i Bergen. Seinare vart dei hengde opp i Hjelmås ungdomshus i Lindås, og ein gong på 1980-talet fekk Erling Bjørke på Voss hand om dei og fekk dei restaturerte. Sumaren 2021 kjøpte Stiftinga Bergsliminne, med rause tilskot frå Voss Sparebank og anonyme gjevarar, desse måleria, som har stor historisk og kunstnarleg interesse. I museet skal også Bergslien-kunst eigd av andre stillast ut.
Kulturbygda Voss har i dag ingen høveleg utstillingsarena for biletkunst. Med verk av desse sentrale nasjonale kunstnarane og andre vil difor eit Bergslien Kunstmuseum vera eit viktig tilskot og ein kulturattraksjon for Voss og regionen.
Det må vera ei lokal, regional og nasjonal oppgåve å etablera Bergslien Kunstmuseum
der breidda og djupna i arbeidet til desse viktige kunstnarane vert synleggjorde.
Ei eiga prosjektgruppe er oppnemnt av styret i Stiftinga Bergsliminne og har sidan hausten 2021 arbeidd med desse planane. Hausten 2023 vart Bergslien kunstsenter (seinare omdøypt til Bergslien Kunstmuseum) etablert som eige lag/underavd. av Stiftinga Bergsliminne med eigne vedtekter, styre og eigen økonomi. Hausten 2024 vart inngått avtale om samarbeid for etablering av Bergslien Kunstmuseum på Voss med Nordic Institute of Art v/direktør dr. philos. Knut Ljøgodt. Prosjektet er blitt møtt med stor interesse og velvilje hjå kommunale, fylkeskommunale og nasjonale politikarar og byråkratar, og har motteke stønad frå Voss herad, Vestland fylkeskommune, Voss Sparebank og Sparebankstiftinga Hardanger.
Styret i Bergslien Kunstmuseum:
Nils Kvamsdal, leiar
Laila Rynning Veum, repr. Stiftinga Bergsliminne
Nils O. Lid
Valborg Kløve-Graue
Linda Monsen Merkesdal
Prosjektleiar:
Peder Ringdal
Kunstfagleg rådgjevar:
Kunsthistorikar dr.philos. Knut Ljøgodt