Arkiv 2025
Arkiv 2025
Kulturminnetur til Gjelle
Sundag 14. september skipa Stiftinga Bergsliminne til kulturminnetur til Gjelle.
Mor til kunstnarbrørne, Kristense Knutsdotter Bergslien, kom frå Gjelle. Ho var søster til den sjølvlærte vitskaps- og Danebrogsmannen Aad Gjelle. Morbroren var ein stor inspirator og læremeister for både Knud og Brynjulf.
Siste gongen Knud Bergslien var heime på Voss, laga vossingane til ei samkome for han på Cafe Breidablikk. Nasjonalt tema for Kulturverndagane i 2025 har vore «Heim».
Turen var eit samarbeid mellom Voss sogelag, Voss utferdslag og Stiftinga Bergsliminne. Knut Farestveit frå Voss sogelag og Bjarne Hjelle frå Voss utferdslag var turleiarar.
Etter turen var det gratis kaffi og vaflar på Dagestadmuseet. Leiar i Bergslistiftinga, Laila Rynning Veum, heldt foredrag om nokre av turane kunstnarane gjorde til Voss etter at dei hadde etablert seg i Kristiania.
Samlingane i Dagestadmuseet var ope i høve Kulturminneturen
Foto : Svein Ulvund - www.vossnow.net
Nasjonalt tema: Heim
Kulturminnetur til Gjelle sundag 14. september kl 12.00.
Parkering v/Gjernes skule.
Turleiarar: Knut Farestveit frå Sogelaget og Bjarne Hjelle frå Utferdslaget
Kaffi og vaflar på Dagestadmuseet etter turen
Laila Rynning Veum frå Bergslistiftinga fortel om
Knud og Brynjulf Bergslien sine turar heim til Voss
Høve til å sjå utstillinga til Magnus Dagestad i museet
Gratis kaffi og vaflar
Turen er sponsa av Voss herad i høve Friluftslivets år 2025-
og er ein del av Kulturarvfestivalen i Indre Vestland
Støtta av Folkeakademiet Voss
Takk for sesongen 2025 på Bergslitræet!
Helsing styret i Stiftinga Bergsliminne
150-årsmarkering for avdukinga av Karl Johan-monumentet på Slottsplassen
i Oslo (7. september 1875).
Bergslitræet søndag 7. september kl 13.00 – 16.00 - Gratis tilgjenge
Program
- Produsent Morten Brede Holm viser piloten til filmen om Karl Johan monumentet og fortel om arbeidet vidare
- Styreleiar Laila Rynning Veum held eit miniforedrag om husmannsguten og kunstnaren
Brynjulf Bergslien
- Kort info om planane for eit Bergslien Kunstmuseum på Voss
Sal av kaffi og kaker
Spørsmål/Ordet fritt
Kunstlotteri
Info om kulturminneturen til Gjelle søndag 14/9-25
Info om andre tilskipingar i høve Kulturminnedagane på Voss og omegn
Song/allsong (Vossasongen)
Trekking av kunstlotteriet
Takk for sesongen 2025 på Bergslitræet!
Helsing styret i Stiftinga Bergsliminne
Aslak L. Helleve
Aslak L. Helleve sat i styret i Stiftinga Bergsliminne som representant for Folkemuseet på Mølster
frå 2016 – 2024, dei siste 6 åra både som nestleiar og skrivar. Referata og årsmeldingane til Aslak var omfattande og vil vera særs verdifulle for Bergsliarkivet i ettertid.
Aslak var historikar og språkmann. Han kunne si lokalhistorie og var ein flink formidlar. Soga om Bergslikunstnarane fortalte han til besøkjande på Bergslitræet heilt til si siste søndagsvakt 22. juni 2025. Han syntest å trivast på Bergslitræet om sommaren, både som formidlar og vaktmeister - og hadde sett seg opp som vakt resten av sommarsesongen -25. Slik vart det diverre ikkje -.
Aslak tok også i nokre år del i undervisningsopplegget for 3. klassingar i Bergsliløypa.
Bergslistiftinga har hatt eit godt samarbeid med Voss herad i mange saker , og her viste Aslak eit stort engsjement m.a. i saka om «Områdereguleringsplanen for Vossevngen 2018» der han skriftleg viste til «eit attraktivt sentrum med identitet og særpreg». I same brevet etterlyste han gatenamnskiltet til Bergsliplassen (som no er på plass).
I saka om plasseringa av monumentet «Til Minne um Spelemannen Ola Mosafinn og gamle ridande vossabrudlaup» var han aktiv i mange møte og med lesarbrev i avisa Hordaland.
Styret i Stiftinga Bergsliminne vil hugsa Aslak som ein god samarbeidspartnar, kunnskapsrik, samvitsfull - og ikkje minst var han eit godt og velmeinande menneske med ein lun humor.
Me har mykje å takka han for.
Styret i Stiftinga Bergsliminne
Laila Rynning Veum, styreleiar
Foto: Knut Markhus
Måndag 21 juni er det lågterskeltur for eldre i Bergsliløypa.
Oppmøte ved Voss Ungdomshall kl 11.00.
Gratis kaffi og vaflar på Bergslitræet.
Samarbeid med Voss Frivilligsentral og Voss herad i høve
Friluftslivets år 2025.
Alle seniorar velkomne.
Vil du vera med å støtta arbeidet med filmen om Ryttarstatuen og Brynjulf Bergslien?
Me set stor pris på om du gjev oss eit bidrag til bankkonto nummer 3480 13 32 120,
eller sender oss ein Spleis til nummer 435211.
Ved innbetaling til bankkonto merk betalinga "Filmen om Ryttarstatuen og Brynjulf Bergslien".
Galleri Træet presenterer biletkunstnar Salita Balode.
Utstillinga opnar sundag 8.juni kl 14.00 og er open kvar sundag i perioden
8.juni til 7.september.
Utstillinga er open frå klokka 12:00 til 16:00.
Vel møtt til kunstutstillinga i Bergslitræet.
Det vert ope på Bergslitræet sundagar mellom klokka 12.00 og 16.00
i perioden 1.juni til 7.september.
Kafè
Utstillingar
Museumsbutikk
Guiding
Separatutstilling i Galleri Træet (8.juni til 7.september)
Sal av kunsthandverk
Kulturelle innslag
Fritt tilgjenge
Velkomne!
Det vert omframt årsmøte i Stiftinga Bergsliminne
onsdag 23. april 2025 kl 18.00
Voss kulturhus møterom 2. høgd
Saker: Rekneskap 2024 og budsjett 2025
Vel møtt!
Styret
Måndag 24. mars kl 18.00 i Voss Ungdomshall
Magne Berge fortel om Nils Bergslien som ungdom i Vestbygdi
Laila Rynning Veum viser og fortel om "Jolareia" av Nils Bergslien
Kaffiøkt
Vanlege årsmøtesaker
Framlegg til endring av vedtekter
Saker til årsmøtet må vera styret i hende innan 17/3-25
Årsmelding 2024
Vel møtt!
Styret