Bergslienkunst i Oslo

Bergslikunst i Oslo

 

Kunstnarbrørne Knud (1827-1908) og Brynjulf (1830-1898) Bergslien var fødd og vaks opp på Bergslitræet i Prestegardsmoen på Voss. Etter barndoms- og ungdomsår på Bergslitræet fekk dei hjelp til kunstutdanning i utlandet. Det første kunstakademiet i Noreg (Statens kunstakademi) vart bygd så seint som i 1909.

Knud studerte ved Det Kongelege Akademi i Antwerpen, deretter reiste han til Paris og Dusseldorf. Han gjorde mange studiereiser rundt om i Europa, m. a. til England, Frankrike, Italia og Hellas.

Knud Bergslien er mest kjend som historiemålar, men var og ein framifrå portrettmålar. Frå 1873 dreiv han Bergsliens Malerskole i Kristiania og var lærar for ein heil generasjon unge norske kunstmålarar m.a. Christian Skredsvig, Gerhardt Munthe, Harriet Backer m.fl.

Den tre år yngre broren, Brynjulf Bergslien fekk tidleg undervisning i stempelskjering av onkelen Aad Gjelle (1769-1840) på Voss og gjekk seinare i gravørlære hjå gullsmed Jacob Tostrup i Kristiania. Etter fire år i lære fekk Brynjulf eit handverksstipend i 1852 og reiste til Berlin og København. I den danske hovudstaden fekk han inspirasjon og høve til å studera til bilethoggar og vart lagt merke til. Brynjulf fekk ei solid bilethoggarutdanning med dei fremste kunstnarane i København som lærarar. I 1861 reiste Brynjulf Bergslien attende til Kristiania og fekk etter kvart mange kunstnarlege oppdrag i den norske hovudstaden. Det mest kjende kunstverket hans i Noreg er ryttarstatuen i bronse av Kong Karl Johan framfor Det Kongelege Slott.

Brynjulf Bergslien var den fyrste læraren til Gustav Vigeland.

Nils Bergslien (1853-1928) var nevøen til Knud og Brynjulf Bergslien. Sceneteppet i Voss Ungdomshall, Jolareia av Nils Bergslien, er måla i mindre format på Frognersetra av kunstnaren Lene Ørnhoft

Knud og Brynjulf Bergslien er gravlagde på Vår Frelsers Gravlund i Oslo.

Nils Bergslien er gravlagd i Eidfjord.

 

Det er mykje tilgjengeleg kunst etter både Knud og Brynjulf Bergslien i Oslo.

Over;
"Jolareia" (sceneteppe) av Nils Bergslien 1922

Studie i mindre format måla av kunstnar Lene Ørnhoft 2022.

Stad: Skjenkestova på Frognersetra.

Til høgre;
"Birkebeinerne på Ski over Fjeldet med Kongsbarnet" av Knud Bergslien 1869. 
Studie måla av kunstnar Lene Ørnhoft 2012.
Stad: Skjenkestova på Frognersetra.

Tre måleri på Engebret Cafe 

Kunstnar : Knud Bergslien

Henrik Wergeland i Studenterlunden. Avduka 1877.

Kunstnar: Brynjulf Bergslien.

Anatomigården.
Bindingsverkshus frå 1640.
Medisinsk fakultet 1815-1852.
Atelier for Brynjulf Bergslien i
perioden 1860-1898.

Brynjulf Bergslien i arbeid med modell til ryttarstatuen.

Stilleben med blomster" ca 1847.

Eigar: Nasjonalmuseet.

Kunstnar : Knud Bergslien.

Byste av Ole Gabriel Ueland

Eidsvollsalen på Stortinget.

Kunstnar: Brynjulf Bergslien.

Speigelsalen på Det Kongelege Slott
i Oslo. Kruningsmåleria til dei tre norsk-svenske unionskongane dominerer rommet i dag.

Eitt av kruningsmåleria er måla av Knud Bergslien.


Karl Johan statuen på Slottsplassen i Oslo.  Avduka 7. september 1875.

Kunstnar: Brynjulf Bergslien.

Måleriet "Kroninga av Kong Oscar II i Nidarosdomen 1873.

Olje på lerret 265 cm x 356 cm.

Kunstnar: Knud Bergslien.


Sittende pike", skulptur i marmor  ca 1890. Eigar: Nasjonalmuseet.

Kunstnar: Brynjulv Bergslien.

Skodespelar Johannes F. Brun på Bankplassen framfor Engebret Cafe.Avduka 1894.

Kunstnar: Brynjulf Bergslien.

To utkast til konkurransen om eit monument av Kong Christian IV 1875. Eigar: Nasjonalmuseet

Kunstnar: Brynjulf Bergslien.

St Georg med dragen".
Figurdekorasjon på bygningen til
Det Norske Medicinske Selskab,

no del av Hotel Bristol.

Kunstnar: Brynjulf Bergslien.

Gravsteinen til Knud Bergslien

Vår Frelsers Gravlund i Oslo.

01.011.04.014

Statuen "Psyke" i fontenen på
Halfdan Kjerulfs plass.

Ca 1860-1870.

Kunstnar: Ukjend,
truleg Brynjulf Bergslien.


Blomeoppsats i sylv, skulpturgruppe på toppen.  Skisse teikna av Knud Bergslien. I 2023 stilt ut i Dronning Sonjas Kunststall.

Eigar: Det Kongelege Slott.


Gravsteinen til Brynjulf Bergslien.

Familiegravstein: Familien Thams

Relieff av Brynjulf Bergslien.

Vår Frelsers Gravlund.

01.005.09.001

Peter Christen Asbjørnsen på St.Hanshaugen. Avduka 1891.

Kunstnar: Brynjulf Bergslien.

"Skoleungdom reiste ham dette minde" - baksida av statua.