Bergslien Kunstsenter

BERGSLIEN KUNSTSENTER

Då Oscar II vart kruna som norsk konge i Nidarsdomen i Trondheim 18. juli 1873, vart kruningsfesten med rundt 1.000 gjester frå inn- og utland halde i Stiftsgaarden. Ein eigen paviljong/ballsal på rundt 250 m2 vart for høvet sett opp i hagen. Knud Bergslien fekk i oppdrag å måla dekorasjonar til denne ballsalen, noko som resulterte i fem store bilete av norske kongar: Harald Hårfagre etter slaget i Hafrsfjord, Olav den Heilage på Hundtorp, Kong Sverre og Birkebeinarane i snøstormen i Vossafjella, Håkon Håkonsson si kruning i Bjørgvin i 1247 og Karl Johan si kruning i Nidarosdomen i 1818. Etter at kruningsfesten var over, vart måleria kjøpte av konsul Christian Børs i Bergen. Kva som sidan hende med dei er uklart inntil Erling Bjørke på Voss fekk hand om dei ein gong i 1980-åra. Han fekk restaurert bileta og sett kraftige rammer på dei, og dei hang deretter i møtesalen på Bjørke Sandtak. Sumaren 2021 fekk Stiftinga Bergsliminne, med rause tilskot frå Voss Sparebank og anonyme givarar, kjøpt måleria som har stor historisk og kunstnarleg interesse.

Stiftinga Bergsliminne ynskjer no å etablera eit aktivt galleri sentralt på Vossavangen – eit Bergslien kunstsenter – der originalkunst i hovudsak av Knud og Brynjulf Bergslien kan visast fram, men også av brorsonen deira Nils Bergslien. Arbeid av andre kunstnarar, både avdøde og nolevande, kan visast i eit avgrensa tidsrom. Dei nemnde kongemåleria har sett fart i desse planane. Attåt utstillingsroma vil stiftinga at her også skal vera eit dokumentasjonssenter for Bergsli-kunstnarane, eit bibliotek med arkiv og studierom. I eit eige filmrom skal filmane om dei tre Bergsli-kunstnarane visast, og her skal det vera høve til foredrag, konsertar m. m. Ein museumsbutikk og ein kafé som møteplass for utveksling av opplevingar høyrer naturleg med. Det må tilsetjast fagutdanna personar, både innan drift, kunstformidling (kurator) og undervisning. Målgruppa er fastbuande på Voss og i regionen, born og skule-elevar i alle aldrar og tilreisande (turistar, hotellgjester, reiseselskap).

Ei eiga prosjektgruppe oppnemnt av styret i Stiftinga Bergsliminne har sidan hausten 2021 arbeidd med desse planane. Voss herad har så langt gitt tilsagn om kr. 300.000 til eit forprosjekt som skal ta for seg både lokalisering og drift av det ferdige kunstsenteret. Det vert søkt om tilskot frå ulike instansar, både offentlege og private.

Kulturbygda Voss har i dag ikkje nokon fungerande utstillingsarena for biletkunst, og med verk av desse nasjonale kunstnarane vil difor eit Bergslien kunstgalleri vera eit viktig tilskot og ein kulturattraksjon for Voss. 

Det må vera ei lokal, regional og nasjonal oppgåve å etablera eit Bergslien kunstsenter der breidda og djupna i arbeidet til desse viktige kunstnarane vert synleggjorde.


Styret i Bergslien kunstsenter:

Nils Kvamsdal , leiar

Laila Rynning Veum, repr Stiftinga Bergsliminne

Nils O. Lid

Valborg Kløve-Graue

Linda Monsen Merkesdal


Prosjektleiar:

Peder Ringdal


Kunstfagleg rådgjevar

Kunsthistoriker dr.philos. Knut Ljøgodt